BIFF 2020
Internasjonal fiksjon
Birdcage Inn

Birdcage Inn

ORIGINALTITTEL:
Paran daemun
Sør-Korea / 1998 / 100 min
REGI:
Kim Ki-duk

Ei ung kvinne kjem til Birdcage Inn, eit hotell nær ei strand som har blitt stengt grunna ureining. Med seg ber ho ei lita veske og ein stor reproduksjon av eit av ekspresjonisten Egon Schiele sine forvrengte, erotiske måleri. Ho har blitt leigd inn for å tilfredsstille hotellet sine sporadiske nattlege kundar og tjene til livets opphald både for seg sjølv og hotelleigaren sin familie. Faren og sonen i huset nøler ikkje med sjølv å nytte seg av tenestene hennar, og dette berre intensiverer forakta hotelleigaren si dotter kjenner for henne. Ho skjems over måten familien får inntekta si ifrå, og skjuler livstilen deira for mannen ho er trulova med. Så ei natt ligg også den komande ektemannen over hjå den prostituerte, ei hending som vert starten til ei stadig djupare forståing dei to kvinnene imellom. Bølgene som slår inn på den nærliggjande stranda gjenspeglar den narrative rytmen i ein pittoresk film om to kvinner som finn saman i ei felles forståing av deira seksualitet.

Kim Ki-duk

Kim Ki-duk (1960) har en spesiell plass innen koreansk film og han har jobbet med enorm effektivitet de siste årene. Siden debuten CROCODILE i 1996 har han laget 6 spillefilmer. WILD ANIMALS (1997), BIRDCAGE INN (1998), THE ISLE (1999), REAL FICTION (2000), ADDRESS UNKNOWN (2001), og SYKE JÆVEL (2001). Han har ingen filmutdannelse eller noen slags "kulturell" bakgrunn, snarere tvert imot. Han sluttet tidlig på skolen, og jobbet på fabrikk før han vervet seg i marinen. Han livnærte seg med kunstmaling i Paris før han returnerte til Korea. I løpet av de siste årene har han blitt en av de mest feirede regissører i den internasjonale filmfestival-verden. Han karakteriseres som en svært kontroversiell geriljaregissør med sine ekstremt lave budsjetter og høye hastighet.