BIFF 2020
ORIGINALTITTEL:
Pakken
Norge / 2002 / 73 min
REGI:
Frode Nordås

Etter at Jon vart dumpa av dama har det vore mykje festing og ditto dårleg økonomi. Ein kveld, etter ein fest, foreslår kameraten Kurt at Jon skal selja meir møblar for å retta opp økonomien. Ein grei plan, men på vegen plukkar gutane opp ein haikar, Elin, som er lærarvikar på Bømlo. Begge gutane har sans for henne, men særleg Jon får eit godt auge til Elin.

På farten er også Tanja og Roger - eit småkriminelt par frå Trøndelag som har større ambisjonar enn evnene skulle tilseie. Dei skal henta ein pakke med tvilsomt innhold og reisa heim att. Problemet er berre at i dette distriktet er dei heilt ukjende og treng ein guide for å finna fram. Med ufine metodar får dei lokka med seg Elin som guide framfor nasen på Jon og Kurt.

Jon og Kurt vert ståande att, men bestemmer seg for å ”redda” Elin og ta hemn. Uforvarande rotar dei til planane for det kriminelle paret, og Tanja og Roger må ty til desperate tiltak. Jon, Kurt og Elin må gjennom mange farefulle situasjonar, før det heile endar med eit nattleg oppgjer på ei industritomt.

Frode Nordås

Frode Nesbø Nordås er født på Stord i 1972. Han er for tiden stipendiat på Høgskolen i Lillehammer. Hans første spillefilm PAKKEN er spilt inn på null-budsjett, som en road movie på Vestlandet sommeren 2002. Nordås’ merittliste dekker også de fleste fagfunksjoner; PAKKEN (2002),TO GUTAR OM KVELDEN (98), BLEW: UNDERESTIMATED (98), ALT ER SEX (97), SÅ DET SVIR KJÆRE NABO, SÅ DET SVIR (97), TRANSIT (97), MONTY PYTHON SHOW (97), TYST (97), MARICULT (96), DRØMMEN OM DEN GODE TEKNOLOGIEN (96), FIOLINEN- TRADISJON ELLER FORNYING? (96), SPELKOMPONISTEN (96), TUR/UTUR (96), HIGH AFTERNOON (96), O JUL MED DIN GLEDE (96), 365 FRI (96), BOOMERANG. (95), REISA (94), TREKKSPEL (94), SVARTE PHAR (93), SALT (93), MANNEN I MYRA (91), BOSCH (91)