Samtale: 22. juli på film og tv

Møt Kjetil Lismoen i samtale med Asbjørn Grønstad.

Å nærme seg vondskapen – 22. juli på film og tv

Samtale med Kjetil Lismoen og Asbjørn Grønstad. 

📅 Torsdag 16. oktober 2025 | 🕤 19:00–20:00 | 📍 Litteraturhuset i Bergen, Olav H. Hauge

🎟️ Billetter: 130/60,– (student/honnør) kjøpes via litthusbergen.no

Det er produsert eit titalls dokumentarar, spelefilmar og seriar av høg kvalitet om terroren som råka Utøya og Regjeringskvartalet i Oslo 22. juli 2011. Desse skildringane er svært viktige tilskot til den nasjonale og internasjonale bearbeidinga av og samtalen om 22. juli. Men har norsk film klart den store utfordringa i å fortelje om og nærme seg vondskapen? Har dei bestått den avgjerande testen i å skildre terroren på Utøya 22. juli 2011?

Dette er eitt av fleire spørsmål Kjetil Lismoen stiller i boka Å gjenskape det ufattelige. Om 22. juli på film og tv. For: Korleis gjenskape 22. juli-terroren utan å redusere det til underhaldning, korleis gi ofra den plassen dei fortener og korleis forholde seg til terroristen, med filmens verkemiddel?

Møt Lismoen i samtale med med professor i visuell kultur ved UiB Asbjørn Grønstad om sider ved 22. juli-komplekset som frå før ikkje har vore avdekt og diskutert.

-

Arrangør: Litteraturhuset i Bergen i samarbeid med BIFF

Bilde: Generasjon Utøya (Motlys/Fenris), 22.JULY (Netflix), Rekonstruksjon Utøya (Henrik B. Ipsen / Vilda Bomben Film), Makta (NRK/Motlys), Utøya 22.juli (Paradox), 22.juli (NRK)

Bilde: Generasjon Utøya (Motlys/Fenris), 22.JULY (Netflix), Rekonstruksjon Utøya (Henrik B. Ipsen / Vilda Bomben Film), Makta (NRK/Motlys), Utøya 22.juli (Paradox), 22.juli (NRK)

{{loaderText}}