📅 Mandag 19. oktober 2026 | 🕤 kl. 19.00 | 📍 Kulturhuset, Lillesalen | 🎟️ Gratis, åpent for alle
Etter visning av dokumentaren WHEN PIGS FLY (17.15, KP11, ordinært billettsalg) inviterer BIFF og Bioteknologirådet til samtale om moglegheitene og dilemmaa som xenotransplantasjon fører med seg.
-
Genredigerte grisar og xenotransplantasjon – etisk problematisk eller ei framtidig løysing for organmangel også i Noreg?
Xenotransplantasjon var lenge berre ein ide og noko som skjedde i dyreforsøk. Det var fleire store hinder mot å bruke dyreorgan i menneske, mellom anna immunreaksjonen kroppen set i verk etter at eit dyreorgan vert transplantert inn i kroppen eller at eit donert griseorgan vil kunne halde fram med å vekse etter transplantasjonen. I tillegg er det ein risiko for overføring av virus frå gris til pasienten. Men no gjer genteknologi og ny forsking det mogleg å genredigere grisar slik at organa i mindre grad skapar ein immunreaksjon etter transplantasjon, og veksten i organet kan stoppast. Samstundes er det lang ventetid for å få eit nytt organ i Noreg. For menneske som ventar på eit nytt hjarte, ei ny nyre eller eit anna organ, kan xenotransplantasjon potensielt gjera ventetida mykje kortare.
Kor langt skal me gå i å genetisk endre og bruke dyr for å redde menneskeliv? Er det etisk annleis å genredigere og avle frem ein gris for å kunne bruke hjartet eller andre organ i menneske enn det er å avle grisen frem til matproduksjon? I Noreg er xenotransplantasjon forbode ved lov, grunna i at teknologien tidlegare ikkje var rekna som trygg. Den kliniske utviklinga dei siste åra har fått norske transplantasjonskirurgar til å argumentere for at dette forbodet no bør verte vurdert på ny. Har teknologien kome langt nok til at Noreg bør revurdere forbodet mot xenotransplantasjon? Og kor stor risiko er det forsvarleg at dei første pasientane som prøver ut teknologien vert utsett for?
Oscar Kolsrud, overlege og hjartekirurg ved Oslo universitetssykehus, Rikshospitalet. Kolsrud arbeider mellom anna med hjartetransplantasjon, og har nyleg argumentert for at det norske forbodet mot xenotransplantasjon bør verte endra.
Aurora Margrethe Brønstad er forskar og overveterinær ved Dyreavdelingen, Universitetet i Bergen. Brønstad arbeidar mellom anna med forsøksdyrlære, dyreetikk og vurdering av nytte opp mot belastning for forsøksdyr, og kjem mellom anna for å diskutere dyreetiske perspektiv knytt til Xenotransplantasjon.
Håvard Mallinson Eggestøl, biolog og seniorrådgjevar i Bioteknologirådet. Før samtalen vil Eggestøl gi ei kort innføring til xenotransplantasjon, kvifor genredigering av donorgrisar er nødvendig og kva type endringar som blir gjort i grisane for at donororgana skal vera betre eigna for transplantasjon til menneske.
Samtalen vert leia av Svein Isungset Støve, seniorrådgjevar i Bioteknologirådet.
I samarbeid med Bioteknologirådet.
-